top of page

IL Hødd Handball har sett seg inn i Norges Idrettsforbund sine retningslinjer og EU sine personvernregler. Alle medlemmar skal vere trygge på at vi handterer personlege opplysingar på ein sikker og forsvarleg måte, og ikkje nyttar desse til andre formål enn hensikta. 

​

Som grunngjeving for å innhente personopplysningar visast til utdrag frå «Veileder for behandling av personopplysninger og informasjonssikkerhet i idretten» (lenke):

​

«Personopplysninger er opplysninger og vurderinger som kan knyttes til en enkeltperson. Norges Idrettsforbund og tilknyttede organisasjonsledd kan innhente og bruke slike opplysninger med hjemmel i «medlemsavtalen».

 

Dvs. når en person blir medlem i idretten har idretten lovlig grunnlag for registrering og behandling (behandlingsgrunnlag) av nødvendige personopplysninger. Det gjøres særskilt oppmerksom på at regelverket omhandler all behandling av personopplysninger, og ikke bare de som lagres og behandles i IT-systemene.»

 

«Formålet med all behandling av personopplysninger er ivaretagelsen av alle aktiviteter og medlemsavtalen, herunder gi god service til medlemmer og andre personer tilknyttet organisasjonen.»

 

Personvernerklæring

​

Behandling av personopplysningar i IL Hødd handball.

 

Denne personvernerklæringa gjeld for IL Hødd Handball ( underavdeling i IL Hødd - Org nr 974 245 280), som er ansvarleg for lagring og behandling av personopplysningar som blir samla inn og er tilgjengeleg på nettsida

www.hoddhandball.no. Styret har samtykka til slik lagring.

​

Informasjon blir henta inn og handterast i tråd med reglane EU (General Data Protection Regulation), den nye personvernsforordninga i EU som trådde i kraft frå 20 juli 2018.

 

Personopplysningar i Hødd handball blir i hovudsak handtert via medlemssystemet Minidrett til Norges Idrettsforbund. Her samtykker medlemane til lagring og legg sjølve inn opplysningar som namn, telefonnummer, fødselsdato, e-postadresse til føresette, faktura- og betalingshistorikk. Opplysningane nyttast til å administrere medlemskap og betalingar.

 

Enkelte gonger blir tilsvarande opplysningar samla inn på skjema i samband med arrangement som handballskule, turneringar eller turar.

 

Kven behandlar informasjonen?
 

Frivillige som har behov for tilgang til data for å kunne utføre sitt verv vil få tilgang etter behov, til dømes styremedlemmer som får tilgang til KlubbAdmin.

E-postar til styret blir lagra på ekstern server (www.onecom.com).

​

Kontaktinfo for styremedlemmar blir lagt inn i NIF sitt system KlubbAdmin.

 

Korleis blir opplysningane sletta?

​

Informasjon kan bli sletta på oppfordring frå medlem.

Informasjon blir ikkje utlevert til tredjepart.

 

Rettigheiter

 

Som medlem og bruker av nettsidene våre har du rett til å krevje innsyn i

personopplysningane vi handterer om deg og korleis dei blir behandla. Du kan også krevje retting, sletting og avgrensingar i behandlinga av personopplysningar i tråd med personopplysningsloven.

​

Som medlem kan du få nyheitsbrev frå oss. Som medlem mottar du også viktig informasjon om våre aktivitetar og tilbod direkte frå vårt medlemssystem og e-post. Dette er informasjon som følgjer medlemskapet.

 

Dersom du meiner at vi ikkje har haldt dine rettigheiter i tråd til personopplysningslova, har du rett til å klage til den aktuelle tilsynsmyndigheten. Dette gjerast ved å sende klage til Datatilsynet, kontaktinformasjon er tilgjengeleg på www.datatilsynet.no

bottom of page