top of page

Alle lagleiarar skal ha sett seg inn i Sportsleg plan for Hødd handball​ (opnar i nytt vindu)

​

Alle bør vere med i Facebook-gruppa for trenarar og lagleiarar

Sjekkliste for lagleiar

​

  • Sjekk terminliste

  • Spelarliste skal sendast til økonomiansvarleg i handballgruppa - på okonomi@hoddhandball.com (lenke) - i god tid før seriestart. Listene må også sendast til arrangementsansvarlig Liv Tone Ulstein Brunstad på arrangement@hoddhandball.no. Denne må verte oppdatert gjennom sesongen om nye spelarar kjem til eller sluttar.

  • For dei som spelar serie: Sjekk at spelarar som er lisenspliktige har betalt denne før første kamp. Dersom ein spelar ikkje har betalt etter gjeldande regelverk kan klubben få bot. Denne vil då bli belasta den enkelte splerar. Gjer merksam på dette til laget.

  • Lage køyreliste/draktvaskliste for laget, fordel køyring på alle foreldre. Husk at handball er eit lagspel, lat også alle foreldre få «spele på lag».

  • Drakter skal vere samla i draktbag, dersom ikkje anna er avtalt. Sjekk at dei er klare til kamp. Ved bortekampar - sjekk motstandars farge på drakt, bortelag må skifte draktfarge. Draktene skal leverast inn til sportsleg leiar ved sesongslutt.

  • Ved kamp - fyll ut kamprapport i god tid før kampstart som du finn digitalt. Den skal også signerast med pinkode i hallen.

  • Kvart lag har ei ramme på 3000kr, dette skal til dømes dekke påmeldingsavgift for laget i ein cup/turnering, - ikkje den enkelte spelar.

bottom of page