

Velkomen til «landslagsfest» i Arena
I samband med at U-landslaget kjem til Ulsteinvik 19.-24. april, inviterer Hødd handball til samling for aktive og familiane i klubben.
Hødd handball arrangerer kamp mellom U-landslaget og Team Wattn (frå idrettslinja på Ulstein Vidaregåande skule) i Ulstein Arena laurdag 23. april kl. 10.30.
Kiosksal, god stemning og gratis inngang
NB fotografering! Vi oppmodar alle spelarar, trenarar, lagleiarar og dommarar om å møte i Hødd-kle for bildetaking før kampen saman med vår hovudsponsor Sparebanken Møre.
Informasjon frå Hødd handball
-
Om lag ein gong i månaden kjem eit nyheitsbrev med den viktigaste informasjonen til alle aktive i klubben. Det blir óg delt i sosiale media.
-
Du kan følgje kampar «live» med Min Håndball-appen (lenke til App Store og Google Play) eller nettsidene til handballforbundet.
-
Protokollar frå styremøta finn du på Organisasjon-sida.