Den viktigste rettesnora for alle aktivitetar er Sportsleg plan for Hødd handball
Seksuell trakassering og overgrep skal ikkje skje i idretten. Les korleis varsle i Hødd?
Vi delar Hødd IL sin visjon og verdigrunnlag:
Visjon:
Liten, men stor
Hødd handball set breiddeperspektivet høgast og skal vere ein samfunnsutviklar i Ulstein
Hødd handball har vist at ein med små ressursar og lokal forankring kan skape minner langt utover Ulstein sine grenser. Barne- og ungdomsarbeidet i Hødd handball skal skje med aktivitet som gjev glede for den einskilde. Klubben si haldning er at fokus på gode klubbmiljø er vel så viktig som sportslege ambisjonar.
Vi skal saman skape eit positivt aktivitetstilbod for unge i Ulstein ved å arbeide etter handballforbundet sine verdiar: Begeistring, Innsatsvilje, Respekt og Fair play.
Verdigrunnlag:
Stolt - Audmjuk – Inkluderande
Stolt
I IL Hødd er vi stolte av klubben, prestasjonane og aktiviteten. Vi viser dette gjennom stor entusiasme, engasjement og respekt for kvarandre.
Audmjuk
Gjennom «Hødd-ånda» er hardt arbeid, folkeskikk og ærleg spel ein viktig del av grunnfjellet.
Inkluderande
I Hødd tek vi vare på alle og fellesskapet gjev oss styrke. I samarbeid med andre klubbar,
næringsliv og det offentlege skal vi utvikle klubben vidare.