Nyheitsbrev januar 2021

Treningane startar opp: Frå tysdag 19. januar er det ope for innandørs trening i idrettshallane igjen. Grunna smitteomsyn, er alle kampar innstilt inntil vidare. Vi oppmodar føresette om å sette seg inn i smittevernreglane og å snakke med spelarane om desse.
Påmelding handballskule: Hødd handball arrangerer Rema 1000 sin handballskule i vinterferien i Ulstein Arena måndag-onsdag (22.-24. februar kl. 9-15 – barneskulealder 6-12 år). Aktive spelarar og dei som ikkje spelar handball kan melde seg på (pris 600,-). Barna blir delt i grupper og det blir allsidig trening og leik. Deltakarane får servert lunsj. Påmelding her.
Velkomne til årleg møte: Hødd handball inviterer til digitalt årleg møte tysdag 2. februar kl. 19 (lenke til Teams-møte bli sendt ut). Saker som ønskast teke opp på årsmøtet må sendast styret ved leiar@hoddhandball.no, innan 20. januar 2021.
Vi treng nye folk til styret: Dei med ansvar for arrangement og material går ut av styret, og vi treng difor nye personar til desse verva. Har du tips til aktuelle kandidatar? Ta kontakt med nokon i styret, eller send e-post til leiar@hoddhandball.no.
Innbetaling av dugnad: Før jul arrangerte Hødd handball dugnad med sal av gåvepakkar, julepakkar og sokkar. Det er til erstatning for inntekter frå Ulstein Cup, som blei avlyst i sommar. Dei fleste valte å betale inn 500,- kroner i staden for å selje produkta. Faktura for dugnaden er sendt ut og vi oppmodar alle om å betale inn snarast råd.
Er du mellom 13 og 18 år? Ungdomsrådet i Hødd handball vil ha dine forslag til kva dei kan jobbe med, eller andre innspel. Send e-post med ditt forslag. PS! Ungdomsrådet har også sitt eige område på den nye heimesida hoddhandball.no. Her kjem meir informasjon om arbeidet deira.
‘Med helsing styret i Hødd handball